Vi søkjer etter:

Reiselivsutviklar

Brenn du for Havlandet, trur på samspel for å flytte fjell og går den ekstra mila for å finne dei beste løysingane? Då kan du få vere med på å skape eit produkt i verdsklasse.

 

Du skal:

  • marknadsføre Havlandet som reisemål
  • bidra til at opplevingar og reisemål i Havlandet vert gjort tilgjengelege og salbare 
  • vidareutvikle samarbeidet mellom aktørar innan reiselivet i og utanfor regionen
  • trekke opp strategi for utvikling av reiselivet i Havlandet tilpassa marknad og trendar
  • utvikle produkt og pakkar

Du er:

  • sjølvstendig og systematisk
  • kreativ og utadvent
  • tydeleg, inkluderande og motiverande
  • ein lagspelar som likar å skape resultat i lag med andre

Du har:

  • stor gjennomføringsevne
  • gode kommunikasjonsevner, også på engelsk
  • utdanning innan reiseliv og/eller markedsføring på minst bachelornivå
  • erfaring fra praktisk og strategisk marknads- og kommunikasjonsarbeid
  • god kjennskap til reiselivsbransjen

 

Løn etter avtale og med utgangspunkt i utdanning og praksis.

Send søknad og CV til post@visitfosnavaag.no innan 22.september.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Torill Myren (Herøy Næringsforum), tlf 902 01 235 / torill@ekkoloddet.no eller

Ann.kristin.eiken@heroy.kommune.no – tlf 482 79 021, personal- og organisasjonsleiar i Herøy kommune.

HAVLANDET AS

Havlandet AS vert eit nystifta selskap med Herøy næringsforum og Herøy kommune som eigarar. Havlandet skal utvikle reiseliv og næringsliv gjennom eit tre-årig prosjekt, skape arbeidsplassar og attraktivt lokalsamfunn.