Vi søkjer etter:

Næringslivssjef

Har du sett meir enn vår eigen andedam og vore ute ei vinternatt før? Då kan du bli Havlandet sin nye næringssjef og sette fart på skuta som skal vere ei båtlengd føre.


Du skal:

  • Styrke og utvikle næringslivet i Herøy sin posisjon
  • Styrke samspelet mellom næringslivsaktørane og mellom kommune og næringsliv
  • vere ein medspelar og pådrivar i å utvikle arbeidsplassar, bedrifter og lokalsamfunn
  • bistå med kommunale støtteordningar 
  • utføre administrative oppgaver

 Du er:

  • Lagspelar, nettverksbyggar og inkluderande motivator
  • Visjonær, utviklings- og resultatorientert
  • Handlekraftig og samarbeidsvillig
  • Modig og nytenkande

 Du har:

  • Økonomisk teft og næringslivskompetanse
  • Forståing for samspelet mellom det offentlege, lokalsamfunn og næringsliv
  • Dokumentert resultat frå prosessleiing
  • Høgskuleutdanning, relevant erfaring og godt nettverk


Løn etter avtale og med utgangspunkt i utdanning og praksis.

Send søknad og CV til post@visitfosnavaag.no innan 22.september.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Geir Johan Bakke (Herøy Næringsforum), tlf 481 80 011, geir.johan@rembakk.com

eller Ann.kristin.eiken@heroy.kommune.no – tlf 482 79 021, personal- og organisasjonsleiar i Herøy kommune.

HAVLANDET AS

Havlandet AS vert eit nystifta selskap med Herøy næringsforum og Herøy kommune som eigarar. Havlandet skal utvikle reiseliv og næringsliv gjennom eit tre-årig prosjekt, skape arbeidsplassar og attraktivt lokalsamfunn.