KVA ER HAVLANDET?

Havlandet er ein interesseorganisasjon for næringslivet som skal skape vekst og utvikling. Vi skal påverke og legge til rette for å auke talet på arbeidsplassar og bedrifter i tillegg til auke i heilårsturisme. Havlandet skal: Vere talerør og ambassadør for næringslivet som heilheit - Synleggjere næringslivet i kommunen, både lokalt og nasjonalt, gjennom møtepunkt, nettverksbygging og arbeid i tradisjonelle og sosiale media. - Delta på relevante messer, konferansar, seminar - Synleggjere behov for arbeidskraft Vere bindeledd mellom næringsliv, kommune, verkemiddelapparatet m.m. - Arrangere møteplassar, både fysiske og digitale, for næringsdrivande - Arrangere relevante kurs og seminar for næringsdrivande - Arrangere og utvikle vidare Fosnavågkonferansen og Reiselivstreff. - Aktivt leite etter, og ha kunnskap om, samarbeidsprosjekt og støtteordningar, og formidle vidare til næringsdrivande og gründerar - Delta i arbeidet med å bevare og auke utdanningstilbodet ved Herøy vidaregåande skule, evnt også utdanningstilbodet elles i regionen, også på høgskulenivå