FOSNAVÅGKONFERANSEN 2020 - AVLYST

Vi var godt i gang med planlegginga og såg fram til å by inn til den tradisjonelle Fosnavåg-konferansen 11. juni på Thon Hotel Fosnavåg. Dessverre vart det ikkje slik. På grunn av Corona-situasjonen og smittetiltaka, er slike arrangement forbodne fram til 15. juni. Styret måtte difor i styremøtet 15. april, ta stilling til om konferansen skulle utsetjast til seinare i år, eller avlysast.

Sak 15/20: Fosnavåg konferansen 2020 (11. juni) – vurdering opp mot Corona-situasjonen

Corona-situasjonen gjer det vanskeleg å spå om Fosnavåg-konferansen kan arrangerast i år. Sjølv om det skulle verte opna for å samle folk i større forsamlingar, må ein vurdere om målgruppa ynskjer å bruke midlar på slike arrangement.

Vedtak
Styret avlyser Fosnavågkonferansen 2020 basert på gjeldande retningslinjer frå myndigheitene, som forbyr større arrangement fram til 15. juni. Styret finn det ikkje naturleg å utsette konferansen til hausten sidan det er uvisst om restriksjonane vil verte utvida, og på grunn av vanskane mange av bedriftene er i, etter langvarig inntektssvikt, permitteringar og oppseiingar.