Opplevingar i havgapet

Sikre deg plass på ei av dei mange flotte opplevingane i havgapet.

Tur til fuglefjellet på Runde med RIB

Bli med på ein guida tur med RIB til fuglefjellet på Runde. Her står opplevingane i kø. Du kan kome tett på lundefuglen, alke, lomvi, skarv, havsuler, storjo og havørn.  I lag med Havopplevelse kan du få deg eit minne for livet. 

Bestill nå!

Lundesafari på Runde

Bli med på ei magisk oppleving ute i havgapet. Naturguidene Martin eller Louise tar deg med opp i fuglefjellet og her kan du kanskje få sjå lundefuglen kome inn fra sjøen i solnedgang. 

Bestill nå!

Wildlife safari

Utforsk havlandet med RIB. Turen startar i Fosnavåg og vi tek deg med på ein oppdagingsferd langs kysten. Her kan du sjå eit rikhaldig dyreliv og få med deg storslåtte naturopplevingar.

På førespurnad!

Fjørevandring og taresmaking

Marinbiolog Saskia og naturguiden Phil tar deg med på ei særs innhaldsrik reise i fjøra. Her står tang og tare i fokus og du får vite meir om korleis du kan ta i bruk disse fantastiske resursane.

Bestill nå!

Guida omvising på Runde Miljøsenter

Skal du på fuglefjellet eller ønskjer å lære meir om fugleøya Runde så oppmodar vi til eit guida besøk på Miljøsenteret. Her kan du sjå filmar om mektige naturfenomen, kome tett på sjøfuglane i utstillinga og utforske Rundeskatten som vart henta opp frå sjøen i 1972. Etter nesten 300 år på sjøbotnen rett utanfor Runde.

Bestill nå!