molo

Herøy Næringsforum gir ut magasinet "molo" ein til to gongar i året. Her kan du blade og lese i alle utgavene.

Havlandet

Ta eit kortreist besøk i eit nytt land. Havlandet Herøy. Ei lita helg - eit stort eventyr.

Kofferten står klar i bilen. Det er berre å få stengt kontordøra fortast muleg. Ei helg i Herøy havland ventar. Ei helg med synet av hav, lyden av hav, lukta av hav – og smaken av hav. 

Thon Hotel Fosnavåg har har plukka den eine topp-plasseringa mellom hotell i Norge etter den andre. Men ring hotellet og sei at du kjem seint. Det må vente, for du skal få oppleve noko som ikkje kan settast på vent: Lundefuglen som kjem inn frå havet om kvelden. Kva for ei forestilling dei set opp akkurat din kveld er ikkje lett å vite, heller ikkje akkurat kva tid den startar, men frå i 18-tida og utover nokre timar, utover våren og tidleg-sommaren, kjem dei. Nokre kveldar i svermar, andre kveldar litt færre, men dei kjem, og like tett på som den beste BBC-naturserie.  Kanskje hadde du tenkt at fredagskvelden skulle gå med til tid på hotellrommet og så ta heisa ned til ein av Norges beste kinoar? Starte Herøy-helga med litt Hollywood med maks kvalitet på lyd og bilde? Men også i Lundeura er surroundlyden upåklageleg. Det er reality i 4D og meir til. Kanskje skal berre sola få sige havet og kinoen segle sin eigen sjø? Kanskje når du siste forestillinga i morgon? 

Laurdagsmorgonen vaknar du til måseskrik. Hotellet ligg på hamna. Du kikar ut vindauget. Kanskje svevar ei havørn der borte eller ein fiskebåt sig forbi. Nede ventar ein særs god hotellfrokost før du skal starte på ein særs god dag.

Salt og rå sjarm

Etter frokosten er det tid for litt byvandring.

Fosnavåg har ei lang rekkje frittståande butikkar. Butikkar der du møter eigarar og tilsette som kan sitt fag om stoff og snitt, fargar og fasongar. Her er ein fin miks av nyare butikkar og butikkar som har kledd opp folk i snart femti år. Og andre butikkar har halde på endå lenger. «Lied-hjørnet» er ein institusjon som kiosk og tippesentral, og ein stad der verdsproblem har vorte løyste sidan 1933. Fosnavåg har sin heilt særeigne, salte og rå sjarm fullstendig lausrive frå vanleg standardar for kva som er vakkert. Fosnavåg er hamna. Denne kystbyen har alltid gitt deg følelsen av å vere noko meir enn den husklynga som klumpar seg saman mot storhavet. Heilt frå slutten av 1800-talet då der var rundt ti bustadhus på, men likevel nesten tusen fiskarar i høgsesongen, så har denne samlinga av gatestumpar på kryss og tvers vore vegen til eventyret. Og hovudgata kan ikkje køyrast med bil. Ho går frå inste hamna og ut hamneløpet. Det kunne vore teke inngangsbillett på opplevinga det er å vere i Fosnavåg når dei største båtane med ørfin margin snik seg ut og inn hamna og samtidig reiser seg som ein vegg i bybildet. Og der denne «hamnegata» sluttar, der opnar mulegheitene seg. Havet. Fosnavåg er ikkje berre kystby. Det er havbyen med maritime næringar og direkte utsikt til horisonten. Få andre plassar har du parkeringsplass i sentrum med utsikt til havranda og solnedgangar som gjer deg til kveldens klikkvinnar på sosiale media.

Etter ein føremiddag i sentrum er det tid for mat og drikke. Den mest kjende staden der ein kan få seg ein matbit i Fosnavåg sentrum er Madelynn Coffee. Ein plass med «heimebrent» kaffi, og heimelaga mat med ein smak av Texas og New Orleans. Sandwich og burgerar, dagfersk focaccia og amerikanske kaker og paiar. Det er berre å forsyne seg, for no trengst det krefter. Du skal på Sunnmørsbadet!

6400 kvadratmeter badeglede ventar og der går tida fort. Både for små og store, men før eller seinare må ein ut av badevatnet. No er det tid for sjø og sjømat.   

Det du fortel om i lunsjen

Søndagsfrokosten på hotellet er berre å nyte. Frukt, havregraut, bacon, godt brød og nysteikte vaflar. Tilsette fyller på kaffikoppen og du kan berre site der i restauranten, heilt på kaikanten, og kjenne den gode helgastemninga. Så er det tid for utsjekk og eit par nye eventyr før du forlet havlandet.

Dagen startar på sjøen. Med Havopplevelse kan du skreddarsy båtturen. Vil du ha eigen båt og fiske? Eller vil du kjenne adrenalinet når du fyk over bølgjene med rib? Fredag kveld sat du øverst i fuglefjellet og såg utover havet. No får du vere på havet og sjå oppover fuglefjellet. Når motoren stoppar, og du berre flyt bortover medan fuglane fyk og skrik rundt deg, fjellet reiser seg og havørna svevar over det heile, så forstår du at topp-opplevinga på dette fjellet er nedanfrå. Og er du så heldig at havet er så smult at du kan kome deg inn i grottene med sitt trolske lys og fantastiske fargespel, så veit du kva du skal fortelje om i lunsjen på mandag. 

Havopplevelse har båtar og mannskap tilgjengeleg slik at du får nyte naturen og sjøen slik det passar deg. Hotellet kan også ordne kajakk og utstyr om du vil padle og vere heilt «nedpå».  


Ein holme full av god smak.

Tilbake på hotellet er det berre å få badebuksa på tørk og leite fram finbuksa. Du tek heisa ned, går ut på kaia og om bord i båten som skal ta deg med til Skotholmen, eit sjømatmekka i Holmefjorden.

Skotholmen har ei mange hundre år lang historie som handelsstad. Her har det alltid handla om fisk. Og no handlar det om godsmaken av fisk og sjømat. Den gamle sjøbuda er gjort om til ein elegant og uformell restaurant. På tallerkenen ligg ei rad rettar med slikt som fisk som kan ha symt forbi Skotholmen berre nokre timar før. Maten er ureist. Men gjestene kan vere langreiste. Ordet om smaksholmen utanfor Fosnavåg har spreidd seg. Og med båtturen, holmen og sjøbuda som ramme rundt måltidet, så er ein kveld på Skotholmen ein kveld som fyller opp i minneboka.  

Men du går ikkje svolten om du ikkje reiser på Skotholmen heller. Med mindre barn kan det vere enklare å halde seg i sentrum. Restaurant Fosnavåg Brygge ligg på kaikanten i Fosnavåg sentrum med maritimt miljø og fisk på menyen. Også Restaurant Sjøkanten inne på hotellet har variert meny. Om det er eit ønske med laurdagspizza, så er Elmirs Pizzeria eit par gater og i gangavstand unna. Til Prego (sjå eiga sak) bør du ta bilen. 

Med sentrumsnær mat kan du nå kultur også laurdagskvelden. Fosnavåg konserthus og kinoen ligg i same bygget som hotellet. Frå hotellromet kan du tusle deg av garde om så det er i tjukkelestane til ein av godstolane i kinoen. I helga går det fleire filmar med fleire framvisingar. Og ein del helgar kan også laurdagskvelden brukast i konserthuset. Der kan du nyte lokale kulturgodbitar eller tilreisande artistar.

Herøy Kystmuseum

På veg heim frå Herøy køyrer du over Herøybrua. Igjen er det opning mot storhavet og utsiktspunkt verd å stoppe for, og du må iallfall svinge til høgre og ta avstikkaren til Herøy Kystmuseum. 

Kommunen har namn etter denne øya som har ei spennande historie med både vikingkongar og barnegråt frå kyrkjegarden om natta... Kystmuseet viser korleis øya såg ut som handelsstad rundt midten av 1800-talet, men her er over tusen år med historie. Hovudleia, riksvegen langs kysten, gjekk forbi her. Det var her folk venta på å få godt nok ver til å kome seg forbi Stadhavet og det var her folk samlast. Dermed vart det også her det vart sentrumsfunksjonar og offentlege funksjonar som brennevinsutsal, kyrkje og avrettarstad... 

Ein fin, asfaltert sti slynger seg nokre hundre meter over øya og ut til amfiet der Herøyspelet går av stabelen første helga i juli (Sjå eiga sak). Og der opnar landskapet seg igjen. 

Igjen så er det havet midt i mot. 

Det overveldande.  Hav og himmel.  Du ser utover og utover.  Det er havlandet dette.  Og det er det vanskeleg å reise i frå. 

Men god tur heim. Og velkomen tilbake!