FOSNAVÅG KONSERTHUS

Fosnavåg konserthus og Fosnavåg kino byr på ei rekke gode kulturopplevingar gjennom året.

Her er både lokale storhendingar og tilreisande artistar. Og felles er det at dei opptrer i eit lokale med eksepsjonelt god lyd. Pianisten Leiv Ove Andsnes kopierte like godt det akustiske anlegget til Fosnavåg konserthus til Kammermusikkfestivalen i Rosendal som han har ansvaret for. Transatlantic Express som spelar i dei hippaste salane i USA seier at kvalitetsmessig så er Fosnavåg konserthus det beste dei har spelt i. Kinoen har også ein teknisk kvalitet – og godstolar – som du må reise langt for å finne maken til. Dette ser ein igjen i besøkstala, for Fosnavåg konserthus er det best besøkte i regionen.

http://www.fosnavagkonserthus.no

HERØY KYSTLAG

Kystlaget held hus i ein gamal mekanisk verkstad på Fosnavåg hamn.

Her har dei teke vare på alt muleg frå dei minste flasker i medisinkister til store motorar og båtar. Her er også mengder av fotografi og ulike kulturminne som fortel om livet langs kysten og på havet gjennom tidene. I lokala er det folk stort sett kvar dag. Det blir prata, drukke kaffi og drive vedlikehald og oppussing av lokale og gjenstandar. Og besøkande må gjerne ta seg ein tur innom. Om vinteren tørkar dei boknasild som blir selt utover våren.  

Meir om kystlaget: http://www.heroy-kystlag.no/

HERØY KYSTMUSEUM

Stiftinga Sunnmøre museum har i dag ei avdeling på Herøy, Herøy kystmuseum. Her viser ein fram handelsstaden Herøy slik han var rundt midten av 1800-talet.

Museet har mellom anna ei lang rekke mindre båtar i samlinga si og med utgangspunkt i den store sjøbuda vert det også teke vare på handverk, verktøy og arbeidsmåtar i den gamle kystkulturen.

Kyrkjegarden har fine, gamle gravminne i jarn, men også ei dramatisk historie om «Anna med barnet». Det vert fortalt at Anna vart døydde medan ho var høggravid. Etter at ho var lagt i grava høyrde dei barnegråt frå kyrkjegarden, og då dei opna grava, fann dei Anna og det nyfødde barnet, men begge var døde. 

Kyrkjegarden er også utgangspunkt for ei anna kvinnehistorie frå Herøy. Sjølv om dei som skulle gravlegge sine på kyrkjegarden hadde med jord, var det likevel tynt jordlag på kyrkjegarden og sommarstid kunne lukta vere påtrengande. Prestane flytta difor til kyrkjegarden i Stokksund. Der var ei av prestefruene Magdalene Thoresen, kjent forfattar  og svigermora til Henrik Ibsen. Magdalene Thoresen var ei sterk kvinne, og enkelte vil ha det til at hennar kraft låg bak at Henrik Ibsen lot Nora gå frå «Et dukkehjem». Og skal ein løfte  fram skrivande folk frå prestegarden i Stokksund, så høyrer det også med at Ivar Aasen tenestegjorde som huslærar her. Enkelte seier det var i Herøy han henta inspirasjon til «Mellom bakkar og berg utmed havet».

Informasjon om kystmuseet finn du her: http://sunnmoremuseum.no/om-os...