Herøy Næringsforum satsar på reiseliv, og vi har fleire prosjekt under utvikling. Herøy kommune er medlem i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, som arbeider med å marknadsføre destinasjonen nasjonalt og internasjonalt.
Øykommunen Herøy har Sunnmørsalpane som bakgrunn og storhavet som næraste nabo. Seks av dei åtte øyane i kommunen er knytt saman med bruer.
Sjå panoramabilete som viser litt av øyriket Herøy. Runde heilt til venstre, deretter Remøy, Leinøy og kystbyen Fosnavåg med si naturlege hamn. Fotograf Karl Otto Kristiansen har tatt biletet frå Nerlandsøy, og brua vi ser til høgre er Kvalsundbrua.
Fugleøya Runde
Lengst i vest ligg Runde, den internasjonalt kjende "skatteøya" og det sørlegaste fuglefjellet i Skandinavia. Millionar av sjøfugl har hekkeplassen sin her. På grunn av særpreget sitt er øya freda, men daglege omvisningsturar med båt rundt fuglefjellet, guida fotturar og lett tilkomst til fots på merka stiar, gir høve til å oppleve det yrande fuglelivet på nært hald. Her kan du sjå koloniar av lundefugl, lomvi, havsuler og alke, til saman 200 artar, blant dei også den praktfulle havørna.
Opplev ein kveldstur til lundeura om sommaren. Rundt kl. 20.00 - 20.30 kjem lundefuglane inn til fjellet etter å ha vore ute på havet om dagen. Dette er eit spektakulært skue, og her har du sjansen til å få sjå denne spesielle fuglen på nært hald.
Like utanfor øya vart det for nokre år sidan funne ein eventyrleg myntskatt etter det hollandske skipet "Akerendam". Dykkarar jaktar framleis etter skattar, m.a. gullet frå det spanske skipet "Castillo Negro" som skal ha forlist i 1589. Les meir om myntskatten her.
Fosnavåg by
I tillegg til fantastisk natur både over og under vatn, kan Fosnavåg tilby spanande butikkar i ein koseleg kystby. Gjestehamna er full av båtar sommarhalvåret, og gjestane kjem gjerne attende etter eit besøk hos oss. Under dei to festivalane våre, ligg gjestehamna i festivalområdet. Dette gjer det enkelt og ekstra fint for båtturistane.
Herøyspelet «Kongens Ring» er eit sogespel som årleg vert framført på «sagaøya Herøy» i Herøy Kommune på Sunnmøre. Sidan musikken og songen har så framtredande roller, vert spelet med rette også kalla ein vikingmusikal.
Eldorado både over og under havoverflata
Kysten vår er med på ei liste over verdas 10 beste dykkerstadar.
Mørekysten: Kysten på Nordvestlandet, spesielt Runde, Herøy og områda rundt Ålesund og Molde. Her er det reint vatn, god sikt og variert flora/fauna.
Sjå heile artikkelen i VG
Herøy har ein svært aktiv dykkerklubb. Dei har kunnskap om gode dykkerstader i kommuna vår. Sjå deira heimeside for meir informasjon:
www.heroy-dykkerklubb.com
"Hav, du er min venn som eg lengtar etter og som gjev meg ro i sjela. Ingenting er som å kvile i di kjærlege famn!" Dette står på Herøy Kajakklubb sine heimesider. Sjå flotte bilete og få inspirasjon til ein tur på havet i Herøy: www.heroykajakk.com
Spanande øyer og rik historie
Ei anna særmerkt øy i Herøy er Skorpa med sin barske natur og ei stamme av villgeiter.
Herøy har ei rik historie med fleire gamle, velhaldne handelsstader. Vi kan nemne m.a. Kjeldsund, Flåvær og ikkje minst Herøy Gard med kystmuseum og Herøyspelet.
På Nerlandsøy ligg funnstaden for Kvalsundbåtane frå før Vikingtida og vi har fleire gravrøyser frå same tida, m.a. Løsetstranda.