I Fosnavåg finn du mange butikkar med variert produktutvalg. Fleire av dei er uavhengige innkjøparar, og sidan dei ikkje er med i kjeder kan du lett finne noko ikkje alle andre har. Folk kjem ofte longvegs ifrå for å få tak i noko spesielt i ein av fleire ulike nisjebutikkar i vår koselige kystby. Langs hamna er moderne kjøpesenter bygd i maritim stil.
Fosnavåg har også kaffebrenneri og galleri.
Madelynn Coffee brenner sin eigen kaffe, og har ein flott kaffebar i Gerhard Voldnes veg (tidlegare Strandgata).
Galleri EogE er ein utstillingsplass for kunst og handverk frå Nordvestlandet. Er du på utkikk etter det lokale og spesielle, kan du finne mykje fint hos dei. I
tillegg til dei snart 60 faste utstillarane deira har dei og eit minigalleri i lokalet
der ein ny utvalgt kunstnar får stille ut i ein månad.