No er det klart for nok ein folkefest i Fosnavåg. Festivalstyret satsar på å gjenta fjorårets suksess med god mat, god musikk og god stemning i Fosnavåg. Makrellfestivalen fokuserer på Smak av kysten, seinmat og det tradisjonsrike ved kystkulturen. Herøy er ein av dei største fiskerikommunene i landet, og har ei rik historie som går langt tilbake i tid. Fosnavåg er kommunesenteret i Herøy, og kystbyen ligg lunt inne i ei av Noregs største naturlege hamner. Den har vore med på å bygge den maritime kystkulturen gjennom generasjonar, og er i dag ein pulserande og moderne kystby med eit næringsliv på høgt internasjonalt nivå, forankra i det lokale og ekte.
I fjor kunne du blant anna oppleve makrell tilberedt på japansk vis, Villsaugryte, lefser, slow food, heimelaga sylter og saft, kaffe frå Fosnavåg sitt eige brenneri, fiskesuppe og mykje meir!
Mesterkokken Hanne Frosta besøkte festivalen i fjor og imponerte med varierte måtar å servere rettar basert på makrell. Ho kjem attende til årets festival, og vi oppfordrar folk å kome og smake det ho tilbereder.
Hanne Frosta eig restauranten
Hanne på Høyden i Bergen.
Hanne på Høyden serverar økologisk og lokal mat. Restauranten er kjent for tradisjonelle råvarer og smakar presentert på ein moderne måte. Dei benyttar norsk design og Hanne Frosta har blant annet utmerkelsar som Årets Kjøkkensjef og Årets Bondekokk.
PROGRAM 2010
Fredag:
13: Fiskerikonferanse for inviterte gjestar
20-24: Hyggekveld i Festivalteltet med bandet NAMM
...Dette blir ein koseleg kveld med musikk inne i teltet, der det også blir mogleg å få kjøpe god mat frå MAKI.
Laurdag:
11.00-17.00: Maritim Messe
10.00-18.00: Teltet er ope for publikum - Prøv ulike smakar frå varierte matutstillarar
12.00-16.00: Utstilling med bilde av fiskeskinn av Vivian Vatnøy – Galleri E og E
12.00 Offisiell opning v/ Fiskeridirektør Liv Holmefjord
12.15: Speakers corner ved Herøy Fiskarlag – Arve Myklebust
13.00 Makrellsprell med mesterkokk Hanne Frosta
13.00-16.00: Elias tar med borna på tur
14.15: Utdeling Årets Makrell og Årets Pir
14.30: Herøy Janitsjar
15.00: Byvandring - frå Urheim/Herøy Hotel
15.15 Familieshow med klovnen Fix
16.15: Fru Brus
19-20:
Vorspiel i Festivalteltet med Garasch! (dette er eit nystarta band frå
Herøy som vil lage stemning i teltet som opplading til konserten
seinare på kvelden.)
21: Inngang konsert
Artistar: Sudden Pitch og Fernando
I tillegg blir det NM i sensorkasting
Opningstider for butikkane i Fosnavåg:
Fredag 10-21
Laurdag 10-16
For meir informasjon ta kontakt: