Fjellturar

Med åra – og ikkje minst med Rundebrua som kom på 80-talet – opna øya seg for nye besøkande, både kortreiste og langreiste.

Også dei let seg fasinere av fuglefjellet og fuglelivet. Den sjarmerande lundefuglen som landar berre nokre meter frå deg der du sit i Lundeura og ser på solnedgangen – og den majestetiske havørna så stor at du kan kjenne gufset av skuggen ho kastar når ho svevar over deg.

Runde har no godt tilrettelagde stiar over fjellet  som byr på både lettgådde kystheiar og svimlande stup. Ein stiane går til Runde fyr. Her kan du overnatte med storhavet som nabo. Fyret vart sett i drift så tidleg som i 1767 og har ei lang og spennande historie. I 2002 vart fyret automatisert og den nyaste fyrvaktarbustaden tenestegjer no som hytte for Turistforeninga, og er den mest besøkte hytta til Ålesund og Sunnmøre Turistforening.

https://www.ut.no/hytte/3.2165/


Båtturar

Fuglefjellet er kanskje like imponerande nedanfrå som ovanfrå. Det er vel verd å vere med på båttur rundt øya.

Det er også muleg å fare på selsafari til Grasøya like i nærheita. I godt ver kan båtturen til fuglefjellet også ta deg i ei grotte i fjellet med imponerande fargeprakt.

Du får bestilt båtturar hos Runde miljøsenter og Goksøyr camping i tillegg til at du kan reise med Havopplevelse og rib frå Fosnavåg.


Overnatting og aktivitetar

Rundeskatten er utstilt på Runde miljøsenter. Der kan du sjå gullmyntar og kanonar, broderisakser og geværkuler, beltespenner og kritpiper, nesten som i ein tidskapsel frå 1720-talet.

Runde miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon og samtidig besøks- og informasjonssenter. Her finn du utstillinga om Rundeskatten, eit stor sjøfuglutstilling og utstillinga «Kaldt hav» som viser Norges enorme havområde og gir sjansen til å bli kjent med Norge som moderne havnasjon. Senteret har overnatting og kafe som er open i lag med utstillingane om sommaren. Det kan også avtalast omvisingar.

http://www.rundecentre.com

Goksøyr camping med plass til bubilar og telt, hytter og utleige av rom. 



KONTAKTINFORMASJON Runde

Oversikt og kontaktinformasjon på Runde

RUNDE MILJØSENTER

RUNDE MILJØSENTER

8 Leilegheiter

Runde Fyr

Runde Fyr

Overnatte på fyret

Goksøyr Camping

Goksøyr Camping

Campingplass