OM ØYA HERØY

Mange meiner her var ofringsplass i førkristen tid, og at marmorkyrkja som kan ha vore påbegynt så tidleg som på slutten av 1000-talet, vart bygd over denne ofringsplassen.

Øya har gjennom hundreåra vore staden der folk har lege og venta på godt og lagleg ver for å kome forbi det berykta Stadthavet. Jomsvikingane la til her. Kong Sverre. Og Magnus Lagabøte. Og sjølvsagt Olav Haraldsson, som vart Olav den heilage.

Herøy vart ein viktig og vanleg stopp på pilegrimsleia til Nidaros – og Herøy er i dag ein del av den nasjonale kystpilegrimsleia. Herøy var eit kyrkjeleg senter, mellom anna som hovudsete for eitt av to prestegjeld på Sunnmøre. Og mangt tyder på at øya også hadde eit kloster.

Med tida vart Herøy i tillegg eit kommersielt senter. Jekter på veg til Bergen med fisk stoppa her. Og med alt folket som samlast her, så vaks det etter kvart fram ein handelsstad rundt den gamle prestegarden. Handelsstaden er no utgangspunkt for Herøy kystmuseum.

Øya har mange og gode stiar, nokre asfalterte og nokre gjennom mark og fjøre. Her er også godt tilrettelagt med informasjonstavler både om natur og kultur. 

HERØY KYSTMUSEUM

Stiftinga Sunnmøre museum har i dag ei avdeling på Herøy, Herøy kystmuseum. Her viser ein fram handelsstaden Herøy slik han var rundt midten av 1800-talet.

Museet har mellom anna ei lang rekke mindre båtar i samlinga si og med utgangspunkt i den store sjøbuda vert det også teke vare på handverk, verktøy og arbeidsmåtar i den gamle kystkulturen.

Kyrkjegarden har fine, gamle gravminne i jarn, men også ei dramatisk historie om «Anna med barnet». Det vert fortalt at Anna vart døydde medan ho var høggravid. Etter at ho var lagt i grava høyrde dei barnegråt frå kyrkjegarden, og då dei opna grava, fann dei Anna og det nyfødde barnet, men begge var døde.

Kyrkjegarden er også utgangspunkt for ei anna kvinnehistorie frå Herøy. Sjølv om dei som skulle gravlegge sine på kyrkjegarden hadde med jord, var det likevel tynt jordlag på kyrkjegarden og sommarstid kunne lukta vere påtrengande. Prestane flytta difor til kyrkjegarden i Stokksund. Der var ei av prestefruene Magdalene Thoresen, kjent forfattar  og svigermora til Henrik Ibsen. Magdalene Thoresen var ei sterk kvinne, og enkelte vil ha det til at hennar kraft låg bak at Henrik Ibsen lot Nora gå frå «Et dukkehjem». 

Og skal ein løfte  fram skrivande folk frå prestegarden i Stokksund, så høyrer det også med at Ivar Aasen tenestegjorde som huslærar her. Enkelte seier det var i Herøy han henta inspirasjon til «Mellom bakkar og berg utmed havet».

Informasjon om kystmuseet finn du her: http://sunnmoremuseum.no/om-os...

HERØYSPELET «KONGENS RING»

Kvart år sidan 1992 har Olavsspelet «Kongens Ring» vore vist i uteamfiet på Herøy.

Dette er eit historisk spel som handlar om då Olav Haraldsson, seinare Olav den Heilage, kom til Herøy. Spelet har 200 aktørar som myldrar over den store utescena der Stadhavet er mektig bakteppe og sjefsregissøren sørger for stadig skiftande lys og ver. Spelet har mykje song og musikk, stiller med kor og stort og levande orkester med symfonisk besetning, og vert også kalla «Verdas vakraste vikingmusikal». I spelet møter vi hovdingdottera Unn, hennar val mellom fornuft og følelsar, festarmannen eller rebellen. Her er kjærleik og sjalusi, hemn og heltar, drap og drama. Og på tunet på Herøy kystmuseum er det matsal, aktivitetar for barna og folkeliv. 

Meir om Herøyspelet her: http://www.heroyspelet.no/