Stenersen-huset

Stenersen-huset har knekk på hjørnet som om det sto i Skomakergata og er huset som ønsker velkomen til årets peparkakeby. Her er det rigga til i det store romet med snøkledde fjell og tog som tøffar gjennom tunnelar og mellom peparkakehus i alle størrelsar. I mindre rom er det krikar og krokar, overraskingar og gøymestader til peparkakebyggverk av mange slag. Ein båt her og ein pengebinge der. Bokstavhus og Kardemomme by.

Dette er så kjekt, smiler Miriam Johannessen, Kristin Notø og Vivian Håkonsholm. Dei er i peparkakekomiteen til Fosnavåg handelsforening og har teke dugnaden med å sette opp peparkakebyen.

Men det er så stas å sjå på ungane når dei kjem med store auge og stolte smil og leverer det dei har laga. Det verkar som dei synest det er skikkeleg stas å få vere med på dette.

Og så lærer vi litt og utvidar år for år. Denne gongen trur vi mange kjem til å glede seg over toget som køyrer rundt i peparkakebyen.

Så her kan den som vil kome og legge ønskelista si direkte i postkassa i julenissen!

Det er også mange som synest det er stas å besøke peparkakebyen. 

Fleire tusen har vore innom dei to åra Fosnavåg har hatt peparkakeby, og med eit tredje år med peparkakeby i kystbyen så har dette no vorte ein tradisjon.

Postkasse til julenissen

Ein annan som har oppdaga peparkakebyen, er julenissen. Han har oppretta eiga postkasse i byen.

Og om nokon skulle kjenne at det er vanskeleg å gi slepp på smokken sin, ja, så tek julenissen i mot smokkar også.

Det er ordførar Camilla Storøy i lag med Sirlihaugen barnehage som på vegner av julenissen opnar peparkakebyen fredag 1. desember. Utover i desember vert peparkakebyen open torsdagar og fredagar på ettermiddag i tillegg til heile dagen på laurdagane fram til jul. Laurdag 2. og 9. desember kjem i tillegg Herøy kulturskule til å bruke peparkakebyen til å halde førjulskonsertar.

Byen vert også open eit par dagar i romjula slik at julegjester også kan få sjå og oppleve peparkake-eventyret. Vi må berre takke alle barnehagar og skular og private som i lag har vore med på å gjere dette så bra. Alle bakverk, store og små, er velkomne og viktige når ein skal skape ein heil by. 

Tusen takk!

God førjulsstemning

Overskotet frå peparkakebyen går til Redd Barna, og skulle ein få veldig lyst til å smake på peparkaker når ein besøker peparkakebyen, så vert det råd å kjøpe seg peparkaker der også. 2. klassingane ved Blåhaugen skule har laga peparkake-på-pinne som vert selt til inntekt for Redd Barna.

Besøkande får stemme fram dei finaste byggverka og premien til vinnarane er eit Fosnavåg-gavekort.

Vi har fått så mange gode tilbakemeldingar frå folk som har kosa seg i peparkakebyen tidlegare år. 

No gler vi oss over å kunne ønske velkomen til ein endå finare peparkakeby i Fosnavåg. 

Dette gir god førjulsstemning!

OPNINGSTIDER


Fredag 01.des: kl.18.00 - 21.00
Laurdag 02.des: 12.00 - 16.00
Søndag 03.des: 17.30 - 19.30

Torsdag 07.des: 15.00 - 18.00
Fredag 08.des: 15.00 - 17.00
Laurdag 09.des: 12.00 - 16.00

Torsdag 14.des: 15.00 - 19.00
Fredag 15.des: 15.00 - 19.00
Laurdag 16.des: 12.00 - 16.00

Torsdag 21.des: 15.00 - 19.00
Fredag 22.des: 15.00 - 19.00
Laurdag 23.des: 12.00 - 16.00

Torsdag 28.des: 12.00 - 14.00
Fredag 29.des: 12.00 - 14.00


Billettprisane er som følgjer:

Born kr 10,- vaksen kr 20,-, familie kr 50,-