Folket ved havet

Ytst i havet, ytst i vest. Der båra bryt og ville vindar gir saltsmak på leppene. Der bur herøyværingen. Folket ved havet. Folket som haustar frå havet.

Då isen trekte seg tilbake, var Sunnmøre ein av dei første plassane som steig fram. Her, på dei ytste holmane og øyane kom dei første fangstfolka og var ein del av det som seinare har fått namnet Fosnakulturen, dei første som kom nordvegen og tok landet i bruk.

Nokre tusen år seinare rissa dei som kanskje var Sunnmøres første skipsdesignarar inn draumebåten i berget. Dette «Roskarskipet» er den einaste bilderistninga på Sunnmøre. Foto: Espevoll, Olav - Universitetsmuseet i Bergen.

Og tusen år etter det vart ein av kystfolket lagt i grava i eit skip, «Kvalsundskipet». Det er det eldste skipet med kjøl som vi veit om i heile Nord-Europa.


Eit hav av mulegheiter

Folk her har alltid kunna dette med båt.

Tettstaden Fosnavåg har namn etter den lune og gøymde hamna som naturleg skjær seg inn gjennom øya. Dette har vore utgangspunktet for eventyret. På slutten av 1800-talet var Fosnavåg ei husklynge med færre enn ti bustadhus. Likevel var her nesten 1000 fiskarar i sesongen. I dei rike sildeåra på 50-talet hadde talet på hus vakse, men då var her 3000 fiskarar og sesongarbeidarar i tillegg til dei fastbuande.

Fiskarane pløgde stadig nytt hav, men då fisket vart dårlegare, flytta dei kunnskapen sin over på andre båtar og andre marknader. På det meste hadde Herøy 120 offshorefartøy og den vesle kystbyen har to gongar vorte kåra til Årets næringsby.

Og fortsatt er fiskeri ei viktig næring. Herøy har 25 havgåande fiskefartøy og er ein av Norges største fiskerikommunar.

Havet er vår næraste nabo. Eit hav av mulegheiter.