Runde

På ei hylle i fuglefjellet på Runde har du utsikt til eit av dei vakraste naturteatera.

Lundeura
Horisonten og skimrande hav – og lundefuglen, nokre gongar i svermar, andre gongar ein og ein, to og to, som kjem inn frå havet om kvelden. Du er like tett på som den beste naturserien på BBC. Dette er ei heilt spesiell oppleving anten du er ivrig fugleentusiast eller barnefamilie på tur. 

Ein god halvtime på veg og god sti frå parkeringsplassen i Goksøyr, og du er framme på kanten av fuglefjellet. Ta til venstre, følg kanten av fjellet og klatre på kraftig stige med nokre få trinn ned eit platå. 

Runde fyr
Heilt ytst på Runde ligg Runde fyr, eit av dei eldste fyra i landet. Her er ein så langt ut i havet som ein kan kome til fots. Hit kjem du på god og tilrettelagt sti og nylagde steintrapper. Turen tek rundt ein og ein halv time, først opp på Rundemyrane, så over flate vidder og langs kanten av øya på motsett side av fuglefjellet, før det trappar ned mot Kvalneset og fyret. Her er fleire hus, fyrlykta og restane av det store, gamle støypejarnstårnet. Fyrvaktarbustaden er Turistforenings-hytte der du kan overnatte.

https://www.ut.no/tur/2.14935/

Muletua

Liten tur med stor utsikt. Muletua på Nerlandsøya er ein særs sjølvstendig veslebror til fuglefjellet på Runde.

Færre fuglar, men også færre folk. Like bratte stup og like storslagen utsikt. Og om der ikkje er fuglefjell, så svevar havørna støtt og stadig også over Muletua der ho ligg som ein knytneve ut i havet og med ein torvsjå som fortel om bygdefolket sin tidlegare kamp for å skaffe seg brensel. Fleire skilt langs vegen fortel om andre torvsjåar på fjellet og ein ser også restane etter ein oppmurt veg der ein drog torv med torvsledar. 

https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Muletua

Heid og Hornseten

Turstien på Heid er ein panorama-sti på byfjellet.

God, brei og fingrusa veg gir deg på nokre få høgdemeter eit storslått vidsyn til både Sunnmørsalpane og storhavet som strekker seg så langt du kan sjå. Frå eine enden av stien er dette ein spasertur som kan gåast i pumps og byklede, frå den andre enden ved Sunnmørsbadet  byr monsterbakken i starten på såpass motstand at det er meir trim. Langs stien er det gapahukar og utsiktspunkt. Ein avstikkar er bratt ned til Fosnavåg hamn. Ein annan er opp til Hornseten. 

http://mrfylke.no/Morotur/Tura...

Rjåhornet

Den høgaste fjelltoppen i Herøy, 598 meter over havet.

Rjåhornet ligg på Gurskøya, den største øya og byr på store fjellområde med lyng og myr, vidder og dalar. Denne turen er også av dei lengre fjellturane i Herøy med over åtte kilometer tur-retur. På toppen opnar det seg vidt utsyn mot Sunnmørsalpane og myriadar av øyar, holmar og skjær. Den lengste turen går frå parkeringsplassen ved fylkesveg 61 på Leikongeidet, men du har også tilgang frå Tjørvåg, Djupvika og Leikong.

http://mrfylke.no/Morotur/Tura... 


Skorpa

Det er ikkje kvardagskost med fjelltur på Skorpa.

Du må i båt og du må vere både båtvan og manøvreringsdyktig. Tilkomsten til den vesle hamna er for vidarekomne. Men det er ei storarta oppleving som ventar. Turen går frå hamna gjennom den fråflytta husklynga og så forholdsvis bratt opp før eit flatare parti til Keipen 431 meter over storhavet. I tillegg til følelsen av å vere «på enden av verda» er dette ein av dei svært få plassane du kan møte villgeit, eller kystgeita, med sine store, flotte horn.

http://mrfylke.no/Morotur/Tura...

Mange fleire fjellturar i Herøy

finn du her:

http://kxweb.no/portal/public/...

https://www.heroy.kommune.no/n... 


Lysløypa på Leikong

Ein snedden tur på god skogsveg som også har lys i mørke kveldar.

Til saman tre kilometer gjennom to sløyfer. Om det er nok snø, vert der også køyrt opp skiløyper. Lett og kupert terreng i skogsområde med gamle furuer og innlandsoppleving på den største øya i Herøy. Parkeringsplass ved fylkesveg 61 på Leikongeidet.

https://www.facebook.com/lyslo...