Dykking

Grottedykk og vrakdykk, tareskog og symje med selar.

Herøy har eit utal av stader for dykking av ulik vanskegrad og djupne – og både stader som er tilgjengelege frå land og der ein må ha båt. Herøy vart for alvor sett på dykkerkartet tidleg på 70-talet då dykkerar fann den store gullskatten frå Akerendam. Men her er fleire vrak å dykke på, mellom anna lasteskipet Arisan som forliste tidleg på 90-talet utanfor Runde. Runde byr også på grottedykking. På Grasøyane kan du symje med selar og fleire stader er det råd å skaffe seg både kamskjel og steinbit til middagsmat.

Herøy dykkerklubb har tips om dykkestader her:

http://www.heroydk.no/index.ph...


Klatring

I Herøy kan du drive både med klatring og buldring med storhavet i ryggen.

Rutene på Nerlandsøya er godt kjende og ettertrakta i klatremiljøet. Koparstadhola har fleire bolta ruter, alle med overheng og vanskegrad mellom 6+ og 8+. I Mulevika ytst mot Stadhavet er eit av dei mest komplette klatrefelta. Der er vanskegrad frå 3 til 8-. Kvar rute er ikkje så lang, men der er fleire titals ruter og mange nok høgdemeter til at det kan klatrast både høgt og lenge. Denne klatringa let seg også kombinere med buldring og leik på kjempesteinar på ei av dei vakraste strendene i landet.  

Meir om rutene her: http://www.klivrelaget.no/foer...