Båtliv

Bruer bind saman øyar og folk, men ein av dei beste måtane å oppleve Herøy på er med båt.

Båten opnar også opp for rike fiskemulegheiter, anten det er innaskjærs eller utom land. Du kan kome deg på båttur til fuglefjellet og kanskje inn i grottene, du kan fare på selsafari, du kan padle stilt langs land eller flyge over bølgjene med ein rib.

Meir om båtopplevelsar og båtutleige her: http://www.havopplevelse.no/

http://www.insel-runde.de/hp_r...

Skorpa

Ein av dei spesielle opplevingane i havlandet Herøy er ein tur til Skorpa

Den vesle hamna har tilkomst som berre er for erfarne båtfolk. Men sakte fart, flod og god tid hjelper på. Og når du har kome deg inn, så ventar ei husklynge med velhaldne hus, kanskje nokre som er «heime» på feriebesøk og ikkje minst nokre av dei firbeinte som fortsatt bur på øya slik dei har gjort i hundrevis av år. Skorpa er ein av dei svært få plassane der du fortsatt kan møte villgeiter, kystgeita med sine imponerande og lange horn. Lettare tilgjengeleg er vårfjøsen i Skorpesundet. Denne vårfjøsen var «venterom» for mange flyktningar under andre verdskrig då Skorpa var ein av dei mest brukte landingsstadene for folk til og frå England. Rotary har sett i stand vårfjøsen og laga til med informasjonstavler. 

BÅT OG FISKE

Oversikt og kontaktinformasjon til nokre av tilbydarane innan båt og fiske

HAVOPPLEVELSE

HAVOPPLEVELSE

Båtutleige, turar

LANTERNEN MARINA

LANTERNEN MARINA

Kafe, kiosk, hytter, gjestehavn etc.

.....

.....