Bading

Herøy har fleire gode badeplassar.

Toftestøda byr på svaberg og stupetårn mot ut mot Flåværleia medan andre stader er det lange sandstrender som gjeld. På Moltu ligg Annasanden og ventar, Rundesanden ligg like ved Rundebrua og på Sande er der også ei sandstrand, akkurat som namnet tilseier. Men dronninga av strendene i Herøy er Mulevika. Rett nok må du gå nokre hundre meter frå bilen, men det er verd turen. Med ein kombinasjonen av turkis vatn og kvit sand mellom mørke kjempesteinar liggande heilt ut mot den vide horisonten og storhavet så er dette ei av dei vakraste og mest spesielle strendene i landet.


Sunnmørsbadet

6400 kvadratmeter badeglede.

Fartsrekord i sklier og straumkanal, sprutande vatn og leik i bølgebasseng eller varmt basseng og boblebad, seige symjetak og avslappande dampbad.

http://www.sunnmorsbadet.no

BADEPLASSAR

Oversikt over badeplassar i Herøy.

MULEVIKA

MULEVIKA

Strand etc.

TOFTESTØDA

TOFTESTØDA

Strand og stupetårn

RUNDE

RUNDE

Strand

MOLTU

MOLTU

Annasanden